Fra konserten:
"Lørdag ettermiddag 15.juli blei ei uforglemmelig konsertoppleving for alle som var med å fylle Hove Kyrkje for å høyre Catharina Chen på fiolin og songen til Judith Vestrheim. Sammen hadde de to framifrå utøverane på kort tid vevd sammen eit vakkert program, og dei fortalde levande om det. At dei to hadde funne ´tonen, ´merka det samanstuade publikum heile vegen gjennom den vel timelange konserten.Applausen var stor frå både vikjer, sogningar og fleire tilreisande frå Austlandet og frå Amerika. "Fantastisk med ein konsert av slik kvalitet i sjølve Hove kyrkja der Madonnaen høyrer heime og om oppslutninga i denne dugnaden", seier Ragne Birte Lund, den nylig pensjonerte ambassadøren, med ein fot i Juvik. Ho var bak initiativet. Det er flott å kunne dokumentere alle støttespelarane som har signert i den utlagde boka. Den vil fylgje prosjektet vidare til det er i havn, så det er berre å melde seg på, seier Ragne Birte. Her var publikum i alle aldre -den yngste 4 år ...Etter det vellukka arrangementet er ho nok open for å leggje til rette for fleire konsertar med topputøverar i håp om at enda fleire blir med i givarkrinsen.
Så langt det er talt opp brakte konserten inn 32 000 kroner, i fylgje Kari Viken Sunde, leiar for komiteen som fekk overrakt kontantane og som fylgjer innbetalingane på prosjektets konto og VIPPS. Fleire generøse bidrag lokalt var med å få summen opp. I samband med konserten vert også to store donasjonar på 50 000 og 100 000 utløyst lokalt."
Les mer om konserten i Sogn avisen her:
http://www.sognavis.no/siste-nytt/kultur/eit-stort-steg-nrare--f-hovemadonnaen-heim-til-vik